






Intervju med billedkunstner Morten Holmefjord
Publisert mars 2019
Du er kanskje best kjent for tegningene dine. Kan du fortelle litt om hvordan du arbeider med dem?
Eg brukar mykje skissebok og teiknar små ansikt, nærast på autopilot, side opp og side ned. Så vél eg ut dei eg synest ser mest interessante ut og teiknar dei i større format.
Kan du si noe om bakgrunnen for dine valg av motiv?
Eg likar gamle fjes. Rynker og strekar. Eit gamalt ansikt seier noko om korleis det "er blitt brukt". Som innsida av ein godt brukt hanske. Det er på ein måte standard portrett eg lagar, slik ein vil sjå ut og slik ein vil bli gjenkjent. Samstundes er teikningane karikatur, anatomisk og teknisk feilteikna og overdrivne, forvridde. Ei sjølvmotseiing.
Du har et bredt motivspekter, men disse portrettene av gamle, gretne gubber er nettopp noe som ofte går igjen i din produksjon, vil du si at du er glad i mennesker?
Eg er veldig for menneskeslekta om det var det du lurte på. Sjølv om me oppfører oss som skadedyr. "Det är synd om människan" skreiv August Strindberg og det kan det sikkert vera noko i.
Hva jobber du med akkurat nå for tiden?
Fridtjov Urdal og eg har eit bokprosjekt der eg lagar portrett som han lagar biografiske tekstar til. Tekstar og teikningar går fram og tilbake. Elles teiknar eg så mykje eg kan og arbeidet går i mange ulike retningar.
Jobber du også med andre medier enn tegning?
Mest skriving. Skjønnlitterært og historisk. Eg har mellom anna skrive dokumentarisk om då det lokale ungdomshuset brann ei mainatt 1977. Eg har intervjua brannmenn, naboar og folk som såg det på avstand. Det er rart korleis nokre detaljar blir hugsa ulikt, og andre ting likt – men feil. Den selektive hukommelse til både personar og samfunn er fascinerande.
Er du opptatt av maktstrukturer og politikk?
Eg er oppteken av symbol som ein assosierer med autoritet. Dette arbeider eg konstant med, sjølv om det går mest i sure fjes nett no. Men generelt er interessant å sjå kven som får vere premissleverandørar i samfunnsdebatten – kven som får lov til å definere kva som er godt og dårleg. Samtida er både høgmoralistisk og djupt nedsylta i egoet. Det klokaste eg har høyrt siste veka var Stephen Fry som sa: "I believe the greatest human failing is to prefer to be right - than to be effective". Det sitatet oppsummerer vel store deler av den offentlege samtalen.
Morten Holmefjord f.1975 har sin utdanning fra Kunsthøyskolen i Bergen, avdeling Kunstakademiet.
Performance-prosjekt fra 2003-2005 med påfølgende opphold i Uruguay 2006-2008. Journalist 2008-2015.
https://www.mortenholmefjord.com/
Tegninger publisert etter kunstnerens tillatelse. Alle tegninger: Enno utan tittel ©️ Morten Holmefjord.